Vis meny

Edvard Munch i Nasjonalmuseet

Nasjonalmuseets samling av Edvard Munchs måleri og papirarbeid består av ei rad sentrale verk frå kunstnarvirket hans. Desse verka, som utgjer den mest internasjonalt kjende delen av samlingane i museet, er dels kjøpt, dels gitt som gåver til Nasjonalgalleriet (no innlemma i Nasjonalmuseet) av sjenerøse donatorar.

Samlinga inneheld både tidlege verk og verk frå Munchs seinare år; her er portrett, landskapsskildringar og motiv frå «Livsfrise»-serien. Det første måleriet blei kjøpt inn til Nasjonalgalleriet i 1891. Det var det stemningsfulle Natt i Nice, som blei kjøpt på Haustutstillinga for 200 kroner. Til saman gir Munch-samlinga eit godt bilete av Munchs utvikling.



Edvard Munch. Høydepunkter i samlingen